Nyttige lenker:


Arkiv »

 

God jul frå Vikedal Ungdomslag »

 

Vikedal Ungdomslag ønskjer alle ei god jul og eit godt nyttår!

Me ønskjer gamle og nye medlemmer velkomnen til eit nytt, aktivt V.U.L år i 2010.

 

 

 

11.12.09: Nils Erik Eide

Vikedal Ungdomslag arrangerer Zporty-disko »

 

Tysdag 14.07 arrangerer Vikedal Ungdomslag diskotek for barn og unge under Zporty-festivalen. Frå klokka 18.00 - 21.00 er det for 1-4. klasse, og frå 21.00 - 23.00 er det for 5. klasse og oppover. Det kostar 50 kroner å koma inn. Det vert topp musikk med DJ Spoon og konkurransar. Arrangementet skal skje på Vikedal Bygdahus. MØT OPP! 

Last ned plakaten til arrangementet her


04.07.09: Nils Erik Eide 

St. Hans feiring på Vikedal motorbane »

 

Vikedal Ungdomslag i samarbeid med Midtbygden Ungdomslag arrangerer St. Hans feiring på Vikedal motorbane tysdag 23. juni klokka 18.00. Ta med grillmat - me held varme grillar. Det blir aktivitetar for store og små.

NB: vêrforbehold!  Last ned plakaten her

20.06.09: Nils Erik Eide 

V.U.L fekk driftstilskot frå kommunen »

 

Vikedal Ungdomslag fekk i dag kroner 5.000,- i driftstilskot frå Vindafjord kommune. Vikedal Ungdomslag får desse pengane for sin store innsats for aktivitet og engasjement for barn og unge. Me takkar for støtta. Den kjem godt med.


16.06.09: Nils Erik Eide

Gro Anett E. Leifsen vikarierer som leiar ut året »

 

Gro Anett E. Leifsen overtek som leiar for Vikedal Ungdomslag frå no og ut året. Dettefordi Nils Erik Eide har overtatt som leiar for Vikedal Bygdehus dette året. V.U.L er den største andelseigaren i representantskapet i Vikedal Bygdehus.  Eide overtek då nestleiarvervet i V.U.L som Leisen hadde før ho gjekk inn som leiarvikar.

14.06.09: Nils Erik Eide

10.000 kr til Dirt Jump prosjektet av Haugaland Kraft »

 

Haugaland Kraft sitt ungdomsfond har i desse dagar delt ut siste rest av fondspengane. Vikedal Ungdomslag søkte om pengestøtte til det nye "Dirt Jump" anlegget som er under planlegging ved idrettsanlegget i Vikedal sentrum. Me fekk positiv respons på denne søknaden; 10.000 kroner kjem godt med i dette prosjektet. 
Dette er ein bane som kjem til å bli veldig populær - sykkelbane med ulike hopp der ungdommane skal vise sine trick-kunnskapar. Me gler oss til den blir ferdig ein gong i løpet av sommaren.
Den i styret som har ansvaret er Morten Skeie som kan kontaktast dersom du vil vera med på dugnad i samband med bygginga av banen.


01.06.09: Nils Erik Eide 

 

 

 

 

Vikedal.no 
 
Fokus Sandeid
 
Sandeid Ungdomslag
 
Rogaland Ungdomslag

Noregs Ungdomslag

Vindafjord kommune
 
Grannar

Haugesunds Avis

Vikedal Roots Music Festival

Sommarfestivalen i Vikedal

Zporty-festivalen

Vikedal Dansefestival

Hjortefestivalen

Vikedal Vertshus

Vikedal Mur & Anlegg

Vindafjord idrettslag

Holten motorsport

Holten media


Imsland.info

 

KORe' Vindafjord



 

 

 

 

 

 

Vikedal Ungdomslag © 2010 • E-post til webmaster: Nils Erik Eide