Zetlitz-spelet »
V.U.L ut av styringsgruppa for Zetlitz-spelet 2011 »

Styret i V.U.L vedtok på styremøte 14.01.10 å trekkja seg frå styringsgruppa for Zetlitz-spelet. Årsaka er at laget ønskjer å satse skikkelig på sine godt etablerte prosjekt framover (revy, Musikkloftet, barneteater, V.U.Lyd osv).
Dette informerte representantar frå styret i V.U.L til styringsgruppa på eit møte 19.01.10.
Vikedal Ungdomslag skal ikkje heilt ut av prosjektet; laget skal ha ansvaret for lyden under framsyningane.
Slik det ser ut blir det truleg nytt Zetlitz-spel i 2011 - då er det 200 år sidan diktarpresten Jens Zetlitz forlot Vikedal, og 250 år sidan han vart fødd.
Spelet skal framsynast på Vikedal Bygdamuseum.
Nytt møte for informasjon og etablering av ny styringsgruppe vert onsdag 3. mars 2010 klokka 19.30 på Festivalkontoret i Vikedal sentrum. Veit du om lag som kan tenkja seg å vera med på dette prosjektet, ta kontakt med oss eller møt opp på dette informasjons-møtet.
Følg med i media for vidare informasjon.
Me takkar for samarbeidet og ønskjer den nye styringsgruppa lukke til!
20.01.10: Nils Erik Eide
Blir det nytt Zetlitz-spel? »

Etter suksessen med Zetlitz spelet i 2008 spør folk seg om når spelet vert sett opp igjen. Styringsgruppa (består av representantar frå Vikedal Ungdomslag og Korinnante) har ikkje bestemt tid for neste framsyning, men det ligg i korta at det blir i 2011.
Det er fleire grunnar til det; for det første er Monica N. Haugan klar til å vera med på prosjektet, for det andre er 2011 to hundre år sidan Jens Zetlitz flytta frå Vikedal - og for det tredje så har kanskje folk rundt i bygdene og distriktet elles lyst til å sjå stykket om att? Kven veit? Følg med på desse sidene for meir info om Zetlitz spelet.
07.06.09: Nils Erik Eide
Suksess for Zetlitz spelet 2008 »
Tidleg hausten 2007 byrja ihuga kreftar å samle seg om og setje opp spelet om diktarpresten Jens Zetlitz, som var sokneprest i Vikedal frå 1801 til 1811. Premieren gjekk av stabelen mandag 2 juni 2008. Tysdag 3. juni var det kåseri om diktarpresten av Else Breen. Og så var det framsyningar både onsdag 4. juni, torsdag 5. juni og fredag 6. juni. Oppsetninga var ein publikumssuksess - det var fullt på alle framsyningane. Tilbakemeldingane er veldig positive - godt gjennomført spel.
09.06.08: Nils Erik Eide
Vikedal Ungdomslag medarrangør av Zetlitz spelet »
Med bodskap om glede, respekt og kjærleik innbyr no staben kring Zetlitz-spelet til ein heil veke med uteteater på Vikedal Bygdemuseum. Zetlitz har erobra hjarta til alle oss 40 aktørar
som er med i denne storsatsinga. Me har vore med han i tykt og tynt frå tidleg i haust. Me har sunge visene hans om bonden, om angande graset, om å dela med dei fattige, i det heile: ”han kvad om folket og deira bal og hjartegullet der inne”.(Johannes Heggland)
Zetlitz, som var sokneprest i Vikedal frå 1801-1811, var ein mann av si tid, og skreiv viser i eit lett og klassisk formspråk. Samstundes er det mykje visdom på lur mellom linjene. Han var heller ikkje redd for å ta seg eit glas i lystig lag og då med folk flest i bygda.
For å setje opp eit slikt stort spel, krev det mange gode hender. Me har gode musikarar med oss med Kjell Ravatn som kapellmeister,- mange dugnadsflinke damer har sydd kostyme båe dag og natt, trygt leia av Aud Sigrid Flesland,- me har sett korleis utområdet på museet har endre seg dag for dag , takka vere Sandeid Fengsel, Gisle Helland, museumsstyret og mange andre. Jostein Apeland har regien og med ein god leiing er me no stolte over å kunne presentere dette spelet. Ta med deg varme klede, og kom i god tid, då det er servering før spelet. Stol får du hos oss.
Arrangørar: Korinnante , Vikedal Ungdomslag og Vikedal Bygdemuseum
09.04.07: Nils Erik Eide
Om Zetlitz spelet »
Spelet tar for seg ei spanande tid i kultur- og kyrkjehistoria vår; ein tid då haugianarane drog i ein retning, medan andre ville lytte til Zetlitz meir frilynte tale. Zetlitz var av den oppfatning at ein skulle få tilgong til andre bøker enn Bibelen, og starta difor Det Wigedahlske Læseselskab, som og vert rekna som eit av Noregs fyrste bibliotek. Zetlitz var ein mann av si tid, han skreiv songar inspirert av hendingar ute i Europa, som den franske revolusjon. Han tok og med seg tankegods frå Det Norske Selskap i København. Det var ganske vanleg på slutten av 1700-talet for prestar og skrive nid- og drikkeviser. Elles møter ein i spelet ei rekke personar som soknar til traktene her og litt spesielt er det at fleire av korsongarane er i slekt med Zetlitz.
07.03.07: Nils Erik Eide
|