Følg Vikedal Ungdomslag på 

    Kva er Dirt Jump ?

Vikedal Dirt Jump »

 

 

Vikedal Ungdomslag driv det einaste dirtpark-anlegget på Haugalandet, Vikedal dirtjump. Her kan me tilby ulike hopp og linjer, både til proffen og amatøren!

 

Dette er kva me kan tilby:


• Mindre bane for barn og nybegynnere
• Trail’s med fire forskjellige linjer, 4-5 hopp og elementer på hver linje.
• Større linje med en stor double, bobsvinger, hip og quarterpipe i jord.
• Stort triksehopp i form av en step-up.
• Hver linje starter fra en nedoverbakke.   

 

I løpet av 2011 kjem det fleire linjer for “dei minste” då me såg eit sterkt behov for dette sist sesong. Me hadde to linjer som gjekk under namnet “kids”, men det blei barnemat for dei ivrige nybyrjarane.

Me kjem også til å pusse opp resten av parken med nye jordmassar, byggja ein større step-up og tilføra fleire linjer på trailsa. Med økonomisk støtte fra Vikedal ungdomslag og mye dugnadsarbeid på de lokale sykelistene får vi dette til. Me bøyer oss i støvet for dei!

 

22.02.11: Morten Skeie

V.U.L bygger Dirt Jump bane i Vikedal »

 

I desse dagar er Vikedal Ungdomslag i gong med å lage Dirt Jump bane ved idrettsanlegget i Vikedal. Primus Motor Morten Skeie køyrer sjølv gravemaskinen som skal forme denne banen. Ungdomslaget fekk for ei lita tid tilbake 10.000 kroner frå Haugaland Kraft sitt ungdomsfond i tilskot til dette arbeidet. Morten Skeie, som sit i styret i V.U.L, har inspirert mange ungdommar i Vikedal til å drive med Dirt Jump. Planen er å få banen i sving til Zporty-festivalen 2009. Om ikkje så lenge er Vikedal Ungdomslag klar med nok ein aktivitet for barn og unge i bygda.
 
Her kan du sjå kva ein Dirt Jump bane er.


 12.07.09: Nils Erik Eide 

 

 

 

 

Dirtjump eller “jordhopp” på norsk, handlar om å hoppa på jordhopp med sykkel. Dette er ein form for ekstremsport og har sine røter i Canada. Me som driv med dirtjump syklar ikkje fordi me skal bli verdsmeistrar eller fordi me skal slanke oss – me syklar fordi det er gøy! Poenget er at man skal føle seg fri, altså ikkje ha faste dagar eller treningstider å forholda seg til. Alt man trenger er en sykkel og litt tålmod.


Syklane som vert brukt er spesiallaga med tanke på røft bruk og harde påkjenningar. Dei kan deles inn i to hovudgrupper:
BMX: Ein sykkel med hjulstr. 18”-24”. Stålramme og minst mulig “dilldall” er et kjenneteikn. Stiv gaffel, single speed drivlinje, plasttrøer og ofte sete i hardplast. Alt for å spare vekt!
MTB: “Mountainbike” som det står for er eit stort begrep. I denne samanheng snakkar me om MTB street/dirt/park. Sykkelen har mange likskapsteikn med sin noko eldre halvbror BMX’n. Stålramme, plasttrøer, singlespeed drivlinje og sete i hardplast. Også her skal det spares vekt. I motsetning til BMX’n har disse syklane dempargaffel.  Men en største forskjellen er rammestørrelsen og dimensjonane på hjula. Hjulstr fra 24” til 26”.


Hovudsakeleg handlar dirtjump om triks og flyt. Når man syklar en linje (jordhopp eller andre element på rekke) så handlar det ikkje om å bli først ferdig. Her er det tekniske og store triks som gjelder. Triksa kan være alt frå rotasjonar, til å sleppe sykkelen fullstendig i lufta for og så ta den igjen før du landar. Det kan også gjørast kombinasjonar av desse! Trikse muligheitene er uendelege, her gjeld det å bruke fantasien.

 

Vikedal Ungdomslag © 2012 • E-post til webmaster: Nils Erik Eide