"Nisse på villspor; ein suksess »
Vikedal Ungdomslag si barneteatergruppe, Kinaputten, hadde premiere på framsyninga si "Nisse på villspor" fredag 26. november. Det møtte over 120 personar i alle aldrar for å få med seg premieren på dette stykket, som instruktør Ingrid Marie Dale (i midten) har jobba med i fleire månadar saman med Vikedal Ungdomslag sine representantar Kari Skogen (t.h) og Gro Anett E. Leifsen (t.v.). Publikum storkoste seg denne fredagskvelden; det heile varte vel ein time inkludert sal av kaffi og kaker. Ei perfekt ramme denne kalde haustkvelden.
Dagen etter var det klart for 2. framsyning. Også her møtte det mykje folk - ca. 70 stk. Ungane var like gode som kvelden før. Det verka som om dei slappa meir av denne dagen.
Alt i alt var dette ein suksess. Gratulerar til alle ungar og vaksne som var med på denne oppsetninga. Dette får me håpa blir ein tradisjon i Vikedal.
29.11.10: Nils Erik Eide

Barneteateret i full sving igjen »
Ensamblet som jobbar med barnerevy i regi av Vikedal Ungdomslag er i full sving. Det har vore fleire øvingar og det nærmar seg nå eit produkt. Etter planen skal barnerevyen ha framsyning i slutten av november. Instruktør Ingrid Marie Dahle har erfaring frå fleire oppsetjingar, og me håpar dette produktet vil gi publikum ei kjekk oppleving. Gro Anett Espevoll Leifsen og Kari Skogen, som er Vikedal Ungdomslag sine representantar, gler seg til framsyninga. - Det er hardt arbeid, men me får igjen for strevet den dagen me står og gir ungane trampeklapp for produktet, seier leiar i Gro Anett, som også er leiar for Vikedal Ungdomslag.
11.10.10: Nils Erik Eide
Vikedal Ungdomslag inviterar til barneteater igjen »
I haust inviterar Vikedal Ungdomslag barn i alderen 1. - 7. klasse til barnerevy. Torsdag 02.09.10 vert det informasjonsmøte på Vikedal Bygdahus klokka 16.30. Innleigd instruktør er Ingrid Marie Dale, ein røynd person i teatermiljøet. Sjølve framsyninga av det som blir produsert er tenkt til slutten av november.
Påmeldingsavgift er kroner 300,- per deltakar (250,- for medlemmer av VUL).
Påmelding til:
- Gro Anett E. Leifsen: 95929916
- Kari Skogen: 95150434
Dette blir gøy!
Last ned plakaten her.
25.08.10: Nils Erik Eide
Vikedal Ungdomslag med nytt barneteater »
Det vert høve for barn i aldreren 1. - 7. klasse å få vera med på barnerevy i regi av Vikedal Ungdomslag. Planen er å setja opp denne revyen hausten 2010.
Tysdag 25.05.10 vil det vera eit "hjernedugleiksmøte" rundt dette. Det vil koma meir informasjon om dette. Følg med på heimesida vår.
06.05.10: Nils Erik Eide
Kinaputten barneteater »
Me har etablert ei barneteatergrupp som me kallar for "Kinaputten". Me har kalla den det fordi revygruppa for dei vaksne heiter "Port Salutt" - og i og med at salutten er eit stort og kraftig smell, syntest me det passa med eit litt mindre smell for dei små, nemleg kinaputt. Dette er ikkje fordi me meinar dei er mindre viktige; tvert i mot.
Logoen er teikna av Bente K. Holten
Barneteatergruppa har framført stykket "Atter ei raudhette" til stor suksess. Me håpar på å få på plass eit apparat med det første som vil organisera ein ny suksess for denne barneteatergruppa.
Dersom du/de ønskjer å vera med på barneteater, ta gjerne kontakt med ein av oss i styret (oppe til høgre).
Me er også interessert i vaksne (intruktørar, kulisse, kostyme, musikk m.m.)
07.06.09: Nils Erik Eide
Suksess for "Atter ei Raudhette" »

Hausten 2005 eablerte Vikedal ungdomslag ei barneteatergruppe som fekk namnet "Kinaputten" - aller første oppsetning, "Atter ei Raudhette!", blei spelt for full sal på Vikedal bygdehus sist måndag. Debuten svara opp til namnet på gruppa og var full av futt!
- Mykje jobbing har det vore, og til tider lite nattesøvn, men når ein ser på resultatet i kveld så er det verdt det, seier instruktørane Inger Opsal, Siw Elena Eide Seldal og Siv Marit Bakkedal Espevoll. Dei har, i tillegg til å instruere og lage kulissar og kostymer, skrive om "Raudhette og ulven" til ein meir moderne versjon av eventyret. Dette måtte dei fordi det bestilte manuset som dei venta på aldri dukka opp.
Mange talent
Til saman 15 talent var involvert på scenen under stykket, nokon litt meir nervøse enn andre. Publikum som hadde møtt opp fekk sjå eit variert spekter av innslag på Raudhette si vandring gjennom skogen og fram til Bestemor. Ein fekk møta kjende figurar som Supermann, Karius & Baktus, Olsenbanden, Britney og mange fleire på ein dekorativ scene. Michael Jackson, trass sitt travle program, hadde også tatt turen innom for å dansa til oss i skogen.
Trampeklapp og gode ord
Publikum viste at dei likte det dei såg gjennom trampeklappen til avslutningsinnslaget; ein sjølvskriven tekst til ABBA sin kjende "Mama Mia". Fleire lag frå distriktet og fylket kom med gåver og gode ord til Kinaputtane som kunne pusta letta ut etter ein vellukka debut. Som takk for god innsats fekk kvart medlem ei spesialdesigna T-skjorte frå styret i Vikedal ungdomslag som også skal arrangera julebordrevy med revygruppa "Port Salutt!".
07.05.05: Nils Erik Eide