Revy »

Vil du vera med på revy til hausten? »
Til hausten set Vikedal Ungdomslag si revygruppe, Port Salutt, i gong med arbeidet med ein ny revy. Det blir same konseptet som ein har hatt dei siste gongene med julebordsrevy. Premieredato er førebels ikkje setla. Me set i gong med skriving og øving like over sommarferien.
Me har lyst at alle skal få muligheiten til å delta, dersom dei har lyst. Så, vil du vera med og spele/skrive/snekre/sy e.l., send oss ein e-post på eideniss@online.no eller ring/send SMS til 488 90 855.
Les meir om revygruppa Port Salutt her.
16.07.11: Nils Erik Eide
Ny Port Salutt-revy jula 2011 ? »
Tradisjonen tru arrangerer Vikedal Ungdomslag si revygruppe revy annakvart år. I allefall dersom det er interesse for det. Blir det ny suksessrevy jula 2011? Me treng i så fall interesserte deltakarar. Ta kontakt med Nils Erik: eideniss@online.no dersom du er interessert i å
Følg med på heimesida vår eller på Vikedal Ungdomslag si Facebook-side for informasjon om oppstart etc.
10.02.11: Nils Erik Eide
Om revygruppa Port Salutt »
Sidan år 2000 har denne gruppa laga fire revyar og no til jul kjem den femte. Ein har heile tida hatt stigning i kvalitet og ramme, så det er med spenning ein no jobbar fram ein ny julebordsrevy i desember 2009.
Namnet "Port Salutt" kjem av osten Port Salut (utalast Port Saly) som var Vikedal sitt nasjonale og internasjonale kjennemerke på mange måtar.
Då denne revygruppa blei etablert var meieriet som denne osten blei produsert i i ferd med å leggjast ned. Det betydde at det ikkje lenger blei produsert denne osten som Vikedal var så kjent for. Revygruppa bestemte at å "hylle" denne osten ved å gi gruppa namnet "Port Salutt" - gruppa meinte at det også måtte gjerast "med eit smell" - difor Salutt!
Logoen er teikna av Bente K. Holten
Revygruppa har eit eige revyorkester som heiter Port Salutt Band (PSB).

Port Salutt Band foran f.v:. Gisle Heggebø, Sigve Skeie. Bak f.v.: Andreas S Andreassen og Leif Kåre H. Sigmundstad (som no er erstatta av Terje Ersland)
05.06.09: Nils Erik Eide
|